Vedtekter


Vedtekter for Storhaug båtdelingslag

§ 1 Namn

Namnet er Storhaug båtdelingslag.

§ 2 Formål

Laget har til formål å administera ei kommunal båtdelingsordning; aktivitetar kan omfatta oppsyn, administrasjon og dugnader.

§ 3 Organisasjonsform

Laget er ein frittståande juridisk person med medlemmer, og er sjølveigande. Det tyder at ingen, verken medlemmer eller andre, har krav på lagets formue eller eigedeler, eller er ansvarleg for gjeld eller andre skyldnader.

§ 4 Medlemmer

Medlemskap er ope for alle som er busette i Stavanger kommune.

§ 5 Rettigheter og plikter knytta til medlemskapet

Alle medlemmer har rett til å delta på årsmøte, har røysterett og er valbare til tillitsverv i laget.

Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år har ikkje røysterett eller andre rettar, og styret kan stryka dei som medlem av laget.

Medlemmene pliktar å fylgja årsmøtevedtak.

§ 6 Årsmøte

Årsmøtet, halde kvart år, er lagets høgaste mynde. Årsmøtet er vedtaksført med dei medlemmene med røysterett som møter, og alle medlemmer har ei røyst.

Møteleiar blir vald av årsmøtet.

Viss ikkje anna er avgjort, skal vedtak, for å vera gyldige, vera vedtekne med vanleg flertall. Ved like mange røyster skal ein avgjera ved loddtrekking.

Årsmøtet blir innkalla av styret med minst ein månads varsel, direkte til medlemmene.

Framlegg som skal handsamast på årsmøtet skal vera sende til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig saksliste må vera tilgjengeleg for medlemmene seinest ei veke før årsmøtet.

Årsmøtet kan ikke handsama framlegg som ikkje er oppførte på sakslista, med mindre tre fjerdedeler av dei frammøtte krev det.

§ 7 Årsmøtets oppgåver

Årsmøtet skal:

• handsama årsmelding

• handsama rekneskap

• handsama innkomne framlegg

• fastsetja kontingent

• vedta budsjett

• velja leiar, nestleiar og styre

§ 8 Ekstraordinære årsmøte

Ekstraordinære årsmøte blir haldne når styret vedtek det, eller minst ein tredjedel av medlemmene krev det.

Innkalling skjer på samme vis som for ordinære årsmøte, med minst fjorten dagars varsel.

Ekstraordinært årsmøte kan bare handsama og ta avgjersle i dei sakene som er kunngjorde i innkallinga.

§ 9 Styret

Laget har eit styre på fire medlemmer. Styret er høgaste mynde mellom årsmøta. Styret skal ha møte når styreleiar eller eit fleirtall av styremedlemmene krev det.

Styret skal:

• setja i verk årsmøtevedtak

• oppnemna ymse komiteer, utval eller personar som skal utføra spesielle oppgåver, og utferda instruks for desse

• administrera og føra naudsyn kontroll med lagets økonomi i samsvar med gjeldande instruksar og vedtak

• representera laget eksternt

Styret kan gjera vedtak når eit flertall av styrets medlemmer er til stades. Vedtak er fleirtalsvedtak.

Leiar, nestleiar og styremedlem blir valde for to år om gongen.

§ 10 Signaturrett

Styreleiar og nestleiar har kvar for seg signaturrett.

§ 11 Vedtektsendring

Endringar av desse vedtektene kan bare gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på sakslista, og det må vera to tredjedels fleirtall av dei avgjevne røystene.

§ 12 Oppløysing

Oppløysing av laget kan bare handsamast på årsmøte, og krev to tredjedels fleirtall.

Lagets formue skal etter oppløysing og tilbakebetaling av gjeld gå til det formålet laget arbeider for å fremja, ved at nettoformuen blir gjeven til ein ideell organisasjon vedteke av årsmøtet.

Ingen medlemmer har krav på lagets midlar eller deler av desse.