Båtdeling er for deg som er glad i det kystnære og enkle båtlivet, men som av ulike grunner ikkje kan, eller ikkje vil, ha eigen båt. Storhaug båtdelingslag er stifta for å tilby lettvint og rimeleg tilgang til robåtar med segl med base i eit naust på Storhaug.

Båt blir tinga ved registrering på frilager.no. Ikkje-medlemmer betaler for bruk, medan bruk av båt er gratis for medlemmer.

  • bruk av båt på halv- eller heildags basis

  • enkel og sikker båt for opp til sju personar; primærframdrift er årer og segl

  • bestilling for båtbruk på internett

  • henting og levering av båt i naust på Storhaug (Emmaus)

Båtdelinga vil vera i drift frå mai til og med oktober, og startar opp våren/sommaren 2021; medlemmer vil ha tilgang til båt heile året.

Storhaug båtdelingslag har fått støtte til innkjøp av båtar og utstyr frå Ryfylke friluftsråd, Sparebankstiftelsen SR-Bank og Stavanger kommune.

På grunn av koronaepidemien kjem me ikkje i gang sommaren 2020; i såfall startar me for fullt våren 2021. Naustet er nyrestaurert og stor robåt med segl er ferdigbygd!

Du var vinden

Eg er ein båt

utan vind.

Du var vinden.

Var det den leidi eg skulde?

Kven spør etter leidi

når ein har slik vind!

Olav H. Hauge