Båtdelingslaget eig to båtar. Den største båten har plass til sju personar; den andre er utmerka for solo roing, men kan godt ta med to passasjerar i tillegg. Begge båtane er utstyrte for både roing og segling; på litt sikt kan det også bli råd med ein elektrisk utanbordsmotor.
Kan hende blir det også plass til ein kajakk eller to i naustet.
Me anbefaler båtførarkurs for alle som bruker båtane; for båtførar yngre enn 25 er det obligatorisk. Kunnskap om segling kan også vera ein fordel. Om mogleg kan Storhaug båtdelingslag gje korte kurs i bruk av både årer og segl.
Base for båtane er eit naust nær Emmausstranda på Storhaug. Frå naustet er det ein kort ro- eller segltur til skjergarden utanfor Stavanger - om lag 15 minuttar til Marøy, og til Lindøy og Uskjo på under ein time. Klikk på kartlenke til naustet her.
Samarbeid
Sjøvett, båtliv og fiske høyrer naturleg saman; Storhaug båtdelingslag samarbeider med Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) Rogaland om utlån av fiskeutstyr. "Hekta - fiske for alle" legg til rette for kortreiste fiskeopplevingar og lettvint tilgang til fiskeutstyr for innbyggjarane i Stavangers bydelar. NJFF Rogaland samarbeider også med Ryfylke Friluftsråd og Frilager.
Samarbeid for lagring og utlån av kano og kajakk kan også vera aktuelt.
Tinging av båt på frilager.no (sjå nedanfor)