Båtdeling er for deg som er glad i det kystnære og enkle båtlivet, men som av ulike grunnar ikkje kan, eller ikkje vil, ha eigen båt, eller som vil ha tilgang til båt medan du står på venteliste hos ei båtforening.

Båtdeling i Stavanger er no blitt ein del av Stavanger turistforenings satsing på kystaktivitetar.

Båtdeling i Stavanger skal tilby lettvint og rimeleg tilgang til robåtar med segl med base i eit naust på Storhaug.

Båt blir tinga ved registrering på frilager.no.

  • bruk av båt på halv- eller heildagsbasis

  • enkel og sikker båt for opp til sju personar; primærframdrift er årer og segl

  • henting og levering av båt i naust på Storhaug (Emmaus)

Båtdelinga vil vera i drift frå mai til og med oktober; målet er å komma i gang frå mai 2022.

Prosjektet har fått støtte til innkjøp av båtar og utstyr frå Ryfylke friluftsråd, Sparebankstiftelsen SR-Bank og Stavanger kommune.

Du var vinden

Eg er ein båt

utan vind.

Du var vinden.

Var det den leidi eg skulde?

Kven spør etter leidi

når ein har slik vind!

Olav H. Hauge